Skjermbilde 2020-05-21 kl

Sommaraktuelt: Ein fin dag til Helvete, og tilbake.

Det er eit ganske misvisande namn på ein av Espedalens fremste turistattraksjonar. For Helvete er ei skikkeleg naturperle. 

 
Skjermbilde 2020-05-21 kl

Tekst og foto: Bjørn Sletten

Graderstokken kryp ned mot fem plussgrader i det vi passerer kommunegrensa mellom Sør-Fron og Gausdal. Hytteavisen er på framand grunn i dag, men Espedalen er ein integrert del av Midtdalen, særleg i og med at størsteparten av den vakre dalen ligg i Sør-Fron. Vi får varsel 600 meter før vi er framme. Med moteriktig sjåverdigheitsskilt i brunt blir vi fortalt at vi nærmar oss Helvete. Men graderstokken droppar ytterlegare ein grad. Men Helvete frys nok ikkje til i dag. 

– Velkome åt Helvete

Ved benken utafor det relativt nybygde kafeteriabygget sit drengen, som han kallar seg, Odd Midtlin. I 1997 tok kona Sigrun og han over garden Dalbakken. Med på kjøpet følgde ein av Gudbrandsdalen mest spektakulære turistattraksjonar: Helvete. Jettegryter som elvemassar har grave ut gjennom tusenvis av år. Den største av dei er over tjue meter i diameter og over førti meter djup. En katedral skapt av naturkreftene. 

– Velkome åt Helvete, seier Odd Midtlin, harpefossingen som har brukt all si tid på Dalbakken og i Helvete etter at han vart tidleg pensjonist. 

– Eg har vel halde på meir eller mindre på heiltid i åtte år, og eg brukte all fritida mi før det. Men så er det veldig artig å ha gjort det, smiler han. 

Legge ned eller satse

Når Odd seier «gjort det», meiner han den opprustinga og tilrettelegginga han og kona har gjort i Helvete og på garden Dalbakken. 

Da dei tok over i 1997 hadde dei to val: 

– Vi måtte ta ei avgjerd, om vi skulle leggje ned, eller om vi skulle satse. Det vart det siste, seier Odd. 

Til satsinga høyrer opprusting av den om lag 300 meter lange stien ned i jettegrytene frå parkeringsplassen, ein rundtur med «oppstiging» frå Helvete, betre sikring, oppbygginga av ein naturpark med klatresti, gammer til å overnatte i, restaurantbygning, parkeringsplass, ny profilering og nå sist oppbygging av storkjøken og selskapslokalar på Dalbakken. 

Skjermbilde 2020-05-21 kl

Takknemleg marknadsføring

Men attende til historia. Kva veit vi? I slutten av siste isttid gjekk det vi i dag kallar Vinstra-elva gjennom denne dalen, og på ferda si gjennom dalbotnen grov vatnet ut dei vakre jettegrytene. Så, for om lag 9000 år sidan, fann Vinstra seg eit nytt løp, ned gjennom Vinstradalen og ned Gudbrandsdalen. Vatnet var borte frå Helvete, men spora er like synlege den dag i dag. Men kva med namnet? Det var ein «helvetes plass» å kjøre med hest og kjerre i følgje eldre utgåver av NAF-boka. Ein kunne fort velte. Men den forklaringa kjøper ikkje drengen i Helvete. – Nei, det har nok heilt klart med det religiøse aspektet å gjera. Helvetes pinsler, den ville, ulendte og utilgjengelege naturen, meiner Odd. Det finst mange «helvete» i Norge. Svært mange av dei har fått namnet nettopp på grunn av utilgjengeleg natur. 

– Det er vel ei takknemleg oppgåve å marknadsføre denne staden? 

– Ja, dette marknadsfører seg sjølv! Folk som reiser forbi steler seg jo opp for ta bilete av seg sjølv med skiltet her og slikt. Men vi har opplevd ei stor auke i folk som også går ned i sjølve attraksjonen for å sjå. I fjor passerte vi 8000 betalande, i år blir det nok enda fleire, seier Midtlin. 

Vitalt vertskap

Ein av årsakene til trafikkauka tilskriv Midtlin sitt nye vertskap. For i fjor vart Stefan og Surina Austheim tilsett som henhaldsvis Grindvakt og Kjøkkensjef i Helvete. 

– Eg liker meg godt i Helvete, seier Stefan Austheim – rett nok etter at han har avlevert den (har vi skjønt) obligatoriske opningsreplikken «Velkome til Helvete». Han serverer svart kaffi og helveteskake, gulrotkake med eit hint av sterk chili. 

– Eg er grindvakt, og kjerringa er Helvetes kjøkensjef, gliser svensken som saman med kona fløtte frå Strand fjellstue til Helvete i fjor, saman med sine tre ungar. Maten deira har etter kvart blitt vidgjeten. Surinas thaimat, supplert med norsk tradisjonskost får gjestane til å vassflyge i kjeften.

Nedstiginga til Helvete

Vi har drukke opp kaffien og Odd opnar grinda ned til Helvete. Med seg har han setteren Ailo. Når grinda blir lukk bak oss merkar ein fort stilla. 

Sjølv om Helvete er vilt og utilgjengeleg, er det også fantastisk vakkert. 

– Vi hadde besøk av assisterande fylkesmann her ein gong, Ho sa etter å ha vore nede i jettegrytene at «det er ikkje eit Helvete du har her, Odd, det er ei naturperle», smiler Odd Midtlin.

Vel nede i grytene ser vi opp langs dei skura veggane, kledd i vakre fargar av mineralar frå fjellet. Sume stader dryp det frå over oss, andre stader får ein lett dusj av kaldt haustvatn frå bekkar som kastar seg ut i grytene. Vi lyftar blikket, og høgt der oppe mellom fjellkantane er blå himmel.  

Trass i tilrettelagt sti er Helvete fyrst og fremst vill og vakker natur – året rundt.

– Vi kjem nok til å satse enda meir på aktivitetar her om vinteren au, det er nesten enda vakrare her da, seier Odd. For når Helvete frys til, blir jettegrytene ein iskatedral som blant anna lokkar isklatrarar til Espedalen.

Skjermbilde 2020-05-21 kl

Ti prosent svinn

Oppe i restaurantbygget møter vi Surina, Helvetes kjøkensjef, med det som i følgje vertskapet er Espedalens mest fotograferte rygg. 

– Velkommen til Helvete, kjem det blidt frå bak disken. 

Vi er blant dei heldige som kjem opp att, skal ein tru Stefan.

– Vi teller alle som går ned. Og alle som kjem opp att. Vi har eit svinn på om lag ti prosent, gliser grindvakta. 

Vi konkluderer med at det har vore ein fin dag i Helvete. 

– Her, ta kortet vårt, seier Stefan og Surina i det vi er i ferd med å gå. 

På baksida står det, kvitt på rustraudt: «Dra tè Helvete». Takk. Det kjem vi til å gjere fleire gonger.

{{GOOGLEANALYTICS /}}